FOREDRAGSHALDARAR: Hallgrim Berg, t.v., Aud Johanne Kvalbein og Filip Rygg. Foto: Privat

Om vekking, innvandring og Hans Nielsen Hauge

Korleis kan kristne verdiar påverke samfunnet i framtida? Det var tema for det 8. Hauge-seminaret i Fosnavåg.

I ei fullsett Herøy Frikyrkje 19. oktober lytta i lydhøyr forsamling til det foredragshaldarane Aud Johanne Kvalbein, Filip Rygg og Hallgrim Berg hadde på hjertet, og ikkje minst til Per Sævik og Per-Arne Lillebø, som saman var programleiarar. Begge sit i styret for eit tiltak som vidarefører tankegods frå Hans Nielsen Hauge og rørsla hans, og endå ein gong kunne dei smile over solid oppmøte.

Det var Aud Johanne Kvalbein – tidlegare KrF-politikar – som fekk ordet først av dei inviterte talarane. Kvalbein var 12 år gammal då ho i ein historietime på skulen fekk høyre om Hans Nielsen Hauge for første gong. Det gjorde sterkt inntrykk på henne å få lære om livet hans og det han brann for. Lekmannspredikanten sette svært mykje på spel for å spreie Guds ord.

Omsorg

– Korleis kan vi gjere dei kristne grunnverdiane meir synlege, og at dei får større oppslutning i eit samfunn som dei siste åra har vore prega av meir og meir sekularisering?

Jau, vi treng trygge arbeidsplassar. Vi må dessutan bry oss om kvarandre og ta vare på kvarandre. Vi må kome einsemda til livs – dette er blitt eit stort samfunnsproblem, uttrykte Aud Johanne Kvalbein.

Ved å vise omsorg for kvarandre vil vi også synleggjere dei kristne verdiane, var hennar viktigaste bodskap.

Engasjement

Neste talar var Filip Rygg – ein ung, kristen entreprenør som i sitt daglege arbeid i Stiftelsen Skaperkraft mellom anna hjelper fram gründerverksemd og lagar møteplassar for kreative sjeler som vil skape deira eigen og andre sin arbeidsplass.

Rygg vil at vi, alle som ein, skal spørje oss sjølve kven det er i våre nettverk vi kan gjere ein forskjell for. Når vi snakkar i lag og hjelper kvarandre, blir resultatet som regel bra. Rygg er også oppteken av å tenke på lang sikt – med lang tidshorisont er alt muleg. Men vi skal aldri vente med å begynne på oppgåvene. Dersom til dømes aktiv dødshjelp blir vedteke om 20 år, så er det i dag slaga står. Vi må med andre ord engasjere oss her og no.

ARRANGØRAR: Dei fire som står bak seminara om Hauge-rørsla si betydning i dag er Per-Arne Lillebø, Per Sævik, Roger Kvalsvik og Olaus-Jon Kopperstad.

Per Sævik understreka at det er særs verdifullt for samfunnet at unge entreprenørar og gründerar får vilkår til å utfalde seg og starte opp verksemder, som igjen vil kunne gi arbeidsplassar til fleire. Per Sævik viste til at Hans Nielsen Hauge skapte meir enn 6000 arbeidsplassar i Norge i tidsrommet 1797 til 1804 – før dei mange fengselsopphalda – med sine nye idear og unik entreprenørverksemd.

Vekking

Sævik la vekt på at vi må kjempe for den kristne trua.

– Vekking skaper engasjement, ikkje minst i arbeidet vårt. «Ånd og hånd» går hand i hand, repeterte den kristne samfunnsbyggjaren og herøymannen, som meiner dette er like aktuelt i vår tid som det var for 200 år sidan.

– I dagens velferdssamfunn har vi tapt litt av begge verdiane. Eg er mellom dei som er bekymra for at det kristne fundamentet er i ferd med å bli bygt ned. Begge berebjelkane er viktige for oss. Det kristne verdigrunnlaget har vore viktig for utviklinga av Norge. Vi kan ikkje fjerne dei kristne verdiane utan at dette får store negative konsekvensar for det norske samfunnet, påpeika Per Sævik.

Kritisk

Den tredje innleigde talaren, Hallgrim Berg – forfattar, samfunnsdebattant og tidlegare stortingspolitikar for Høgre – sa at det har blitt stadig vanskelegare å nå fram med dei kristne verdiane, og han skulda både media og kyrkja for ikkje å vere tilstrekkeleg kritiske mot «islamiseringa», som han kalla det, som skjer – ikkje berre i Norge, men i heile Europa.

– Eg ønskjer sekulariseringa og den botnlause likesæla til livs! Europa har stagnert; vi er nede i kneståande. Vi kan ikkje ta imot fleire enn det vi klarer å integrere, poengterte Berg og la til:

– Det blir fleire og fleire muslimar, og vi er blitt likesæle omkring vår eigen kultur og vår eiga tru. Dette kan jo ikkje få halde fram. Kristne må sjølve stå opp og kjempe for verdiane vi trur på – vi må bruke media og ulike arenaer til å setje desse tinga på dagsorden.

Berg viste til Hans Nielsen Hauge, som mellom anna kjempa for kvinnene sine vilkår, for ytringsfridom og forsamlingsfridom.

– Dersom vi er likesæle og kastar slike viktige verdiar på dynga, trur eg vi går ei uviss og dyster framtid i møte.

Overraska

Pianist Bjørnar Hovlid og Gospelkoret frå Ulsteinvik, under direksjon av Einfrid Grindheim, både starta og avslutta seminaret. Desse sytte for lun og god stemning i frikyrkja gjennom deira flotte musikalske bidrag.

– Vi er både overraska og glade for at også dette Hauge-seminaret samla fullt hus. Dette viser at der er behov for denne typen kulturtiltak. Samlingane knytt til Hans Nielsen Hauge, der vi lyfter fram «ånd og hånd», er enno godt besøkt, fordi tematikken framleis er høgaktuell. Ideane og tankane – om hans kristne tru og forretningsdrift – har vist seg å vere tidlause og universelle, seier Per-Arne Lillebø, som let seg imponere over at Hauge som ung mann følgde kallet frå Gud og reiste rundt omkring vårt langstrakte land for å fortelje folk om leveveg og vegen til frelse.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.